top of page

Kafé Fløy

Sommaren 2020 var fyrste sommaren Fløy bakeri hadde ope kafé på Lofthus. Den spesielle sommaren var for det meste prega av norske kafegjester og Ragnhild bakte mange fleire bollar enn ho antok at ho kom til å gjera. Kafeen ligg midt i sentrum av Lofthus eit steinkast frå shuttlebussen til Dronningstien, lokalbutikken Bunnpris og kaien til den populære siderbåten/sidercruiset. Lenger borti gata ligg Ekspedisjonen skjenkestove med bar og mulegheiter for pizza. Ute har kafeen eit eige sydlands preg full av blomstrar og kvite stakittgjerde. Inne kjøper du bakverk over ein gamal kjøpmannsdisk.

 

Kafeen har ope fulltid frå 20. mai- 3. september sommaren 2023. I tillegg vert det ope nokre laurdagar i forkant og etterkant av sommaren. Følg med på Facebook - Fløy og/eller Instagram - floybakeri

Kafè
bottom of page